Tilbake til Reisebrev

Hovedside Reiseklubben

7 DAGERS RUNDREISE I NORGE 10.- 16. JUNI 2011

 

Se bilder her

Med visakort og godt humør tok 40 medlemmer av Mossiges Mindes Reiseklubb ut på årets Norgestur fredag 10.06.2011. Reiseveret var bra, oppe i 15 grader, stille og overskya.

Sjåføren Gerhard Gundersen, som sjøl åtte bussen vi kjørte i, var særs behageleg, både som person og sjåfør. Reiselederen Sigmar Myhre var ein personlegdom. Han auste av kunnskapen om dei forskjellige reisemåla og krydra det med vitsar og gode historier, alt i passelege porsjonar. Endå han var 79 år gamal, hadde han energi som ein ungdom, og var med og gjorde turen til ei flott oppleving.

Første konkrete mål for turen var det kjende Mostraspelet på Bømlo. Det overgjekk forventningane til dei fleste av oss og vart ei minnerik oppleving. Elles hadde vi ein runde i bussen med lokalguide som til slutt tok oss ned til strandkanten, der vi fekk velsmakande kaffi og kaker. Då velsigna også sola oss med sine varmande stråler. Frå Bømlo bar det vidare til Bergen og Bergen Brygge Hotell. Middagen hadde vi på Dampen Restaurant på Bryggen. Dagen hadde vore lang og innhaldsrik, så nå var det bare å sove og samle krefter til neste dag.

Vi hadde god tid til å kosa oss med frukosten. Ein veltalande guide gav oss ei innføring i Bergen og Bryggens historie før vi drog vidare til Dale. Der hamna vi opp i det som vart kalla Daledagane. Det besto av uendeleg med buer med krimskrams, underhaldning frå scenen, matbuer og mykje folkeliv. Også vi hadde mat der, og vi var innom utsalet på Dale fabrikker før vi reiste vidare til Voss. Dit kom vi såpass tidleg at dei fleste fekk gått seg ein kveldstur etter middagen.

Den tredje dagen begynte vi å få føling med to ting som skulle prega resten av turen. For det første spreidde det seg ein forkjølingsepidemi i bussen, og for det andre var det ein katastrofal flaum i dalføra på Austlandet, som skuldast nedbør og snøsmelting. Vegen over Filefjell var stengt, og vi måtte kjøra Hemsedal og over Golsfjellet. Men før det hadde vi hatt ein times stopp i Flåm, og vi hadde vore innom Borgund stavkyrkje. Den var under restaurering, så vi såg nesten meir stillas enn kyrkje. For mange av oss var turen over Golsfjellet ei ny oppleving. Det er eit stort, tilnærma flatt høgdedrag på Norges tak, som var veldig vakkert.

Reiseoperatøren Sør-Vest-Reiser hadde ordna med lunsj for oss på eit flott hotell der oppe. Det måtte improviserast då vi eigentleg skulle kjørt over Filefjell. Dei som likte rømmegraut, sa den var god. Vi andre tok godt for oss av dessertbordet.

På vegen vidare mot Hamar fekk vi også oppleva Snertingdal. Der fekk vi sjå eit stykke kultur- Norge i forfall. Det som skulle vera åker og eng, var stort sett berre ugras- eit sørgjeleg syn!

På Hamar var vi i 19.00- tida. Vi såg fram til nokre rolegare dagar, men med mange opplevingar. Hotellet var greitt og enkelt, men vi kan vel slå fast at vi har vore på hotell med betre mat.

Andre pinsedag var ein aktiv dag. Vi var på Skogbruksmuseet, besøkte Løiten og til slutt Hamardomen. Og med oss hadde vi sola som skein frå klar himmel, og det var over 20 gr. Og vi hosta!

Neste dag har veret forandra seg, og vi fekk den einaste dagen med nedbør på turen. Men i kveldinga vart det opphald att.

Dagen starta på husmannsplassen Prøysen, der vi vart møtt av ein guide som fortalte om Prøysen og avslutta med å lesa ein stubb. Så går turen til Gjøvik og Fjellhallen der, eit imponerande byggverk rett og slett! Lunsjen som reiseklubben spanderer, har vi på Café Chaplin. Der får vi karbonadesmørbrød og drikke, og stemninga er god.

Så kjem vi til eit av turens høgdepunkt, turen med Skibladner. På grunn av flaumen i Mjøsa er det berre på kaien i Gjøvik at om bord og avstiging kan foretas. Vi får ein improvisert tur på snautt eit par timar, som berre omfattar vår reisegruppe. Vi starta turen på soldekket, ikkje fordi det var sol, men det var i alle fall opphald. Men så kom ei tropisk bye og jaga oss alle i salongen. Det var for så vidt greitt nok, for det var der vi skulle ha kake og kaffi, og i slike omgivnader smaka det godt, for det var ein flott salong. Mange opplevingar, kjekk dag, og tilbake på hotellet.

Før vi forlet Hamar, må vi ha eit besøk i Vikingskipet. Deretter er vi innom Hadeland Glassverk, der ein del av oss brukte visa- kortet. Det same var det ein del som gjorde på Blåfarverket. Det låg i idylliske omgivnader ved eit stilleflytande vassdrag. Morgedal Hotell, der vi hadde siste overnattinga, hadde særpreg. Vertinna kom i bussen og ynskte oss velkommen, og det var triveleg frå fyrste stund. Maten var kjempegod. Det var levande musikk, og ein del av oss trødde dansefoten. Reiseleiaren vår, Sigmar, samla oss til ei reise gjennom historia. Der tok han fram den seriøse sida av seg sjølv, og det vart ei spennande og interessant reise. Takk Sigmar, for alt du bidrog med på denne turen!

Så er vi komne til turens siste dag. Det skulle bli ein flott dag med over 20 gr. Då er det varmt nok til å ta kaffien ut når vi er på Haukeli. Det siste måltidet på turen hadde vi på Kraftfeltet i Suldal. Det skulle også visa seg å bli det beste. Den unge vertinna frå Stavanger fortalte om hotellet og maten før vi gjekk til eit eineståande måltid.

Må også nemna den utfordringa sjåføren fekk då vi var i Suldal. Vi skulle besøkja ein avsides gard. Så viste det seg at på vegen dit pågjekk det vegarbeid med maskinar og utstyr som ikkje let seg flytta i ei handevending. Garden vart aldri besøkt, og Gerhard måtte rygga nære på 3 km på smal veg. Då eg spurde om han hadde hatt større utfordringar med bussen før, svara han at det hadde han ikkje.

Vi måtte også kjøra om Gullingen på vegen heim, og på Sandnes var vi i 20.00-tida.

Då hadde Olaf og Mossiges Mindes Reiseklubb nok ein gong gjennomført ein vellukka tur, denne gongen i Norge med vår og vakker natur, med dei mange opplevingane og det gode reiselaget. Takk alle saman for ein flott tur!


 

L.I.


 

 

Se bilder her

Se bilder her